Løft eventet til nye høgder
vi er med heile vegen
er hjelpa du treng
Himmelen er grensa når det gjeld bruk av ein mobil storskjem av høg kvalitet. Gjer start eller målområdet om til ein festplass med ein skjerm som fremjar sponsorane dine, fleirkamera og innhaldsproduksjon, eller LIVE sending frå sjølve arrangementet.
Skjermen blir administrert av ein teknikar, og sikrar ei trygg og profesjonell drift av arrangementet ditt. Med klare fargar, sjølv i dagslys, bringar den store skjermen arrangementet og publikum saman på ein eineståande måte.
kontakt oss for ein uformell prat, for å finna den optimale løysinga for arrangementet ditt. Me er svært gode på skreddarsydde løysingar. Ein prosjektleiar eller ein produsent veit korleis me kan hjelpa deg på den beste måten!
vi hjelper deg med det du trenger til eit vellykka arrangement
folka som gjer arrangementet til ein suksess
Uansett kva oppdrag me tek på oss, så legg me lista høgt. Storleiken på arrangementa og storleiken på produksjonane kan variera, men kvaliteten, tilpassingsevna og engasjementet vårt kan du alltid vera trygg på når du samarbeider med oss i Storskjerm Vest AS.
her ser du nokon av dei gode selskapa vi samarbeidar med
eksempler på arrangement vi har delteke på
kvifor velja ein storskjerm til arrangementet
Himmelen er grensa når det gjeld bruk av ein mobil storskjerm av høg kvalitet. Storskjermen bringar publikum tettare på det som skjer på ein eineståande måte. Kjensla av å ha den beste plassen, gjer at storskjermen fungerer som ei bru mellom publikum og arrangementet.
Det er fleire grunnar til å leiga ein LED-storskjerm til arrangementet ditt:
Når du leige ein storskjerm frå Storskjerm Vest AS, vil det vera ein teknikar til stades for å sikra ein trygg og profesjonell operasjon av skjermen, og sikra at skjermen fungerer som han skal. Dette lèt deg fokusera på andre viktige aspekt av arrangementet.
Storskjerm Vest sin nyaste skjerm er på heile 21 kvm (6×3,5 meter), med P3.9 LED-panel og ein lysstyrke på 5000 nits, kan publikummet ditt sjå fram til ein imponerande visuell oppleving. Med klare fargar, høg lysstyrke er skjermen tydleg synleg sjølv i direkte sollys.
Ein storskjerm kan skapa ei engasjerande og minneverdig oppleving for publikum. Du kan visa liveopptak, videoar, bilete, kahoot, informasjon og anna relevant innhald som held publikum oppdatert og underhaldne. Dette bidreg til å auka engasjementet og skapa ein festleg atmosfære.
Ein storskjerm kan brukast til å promotera og fremje sponsorar, produkta og bodskapen deira. Du kan visa sponsorlogoar, annonsar eller anna relevant innhald på skjermen, noko som gir eksponering og verdi for sponsorpartnarane dine.
Vår 21 kvm Storskjerm kan tilby ekstra funksjonalitet som fleirkamera-produksjon, livestrøyming og interaktivitet. Dette opnar for meir avanserte og kreative bruksområde for skjermen, som kan bidra til å skilja arrangementet ditt frå andre. Det er viktig å merka seg at kostnadene ved leie av ein storskjerm kan variera avhengig av storleik, varigheit og funksjonar. Saman med våre prosjektleiar vil me kartleggja kva behov du har, og hjelpa deg med budsjett før du bestemmer seg.